Personlige verktøy
Du er her: Forside Andakter Jesu fred
« Mai 2012 »
Mai
MaTiOnToFr
123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031
 

Jesu fred

"Fred leiver eg åt dykk, min fred gjev eg dykk; eg gjev dykk ikkje fred på den måten som verda gjer det." Johs. 14, 27

 Dette seier Jesus i sin avskilstale til læresveinane.
 Kva slags fred er så dette?
 Jau, den same freden som Jesus har, gjev han til sine.
 Det var ein sterk, roleg og sæl fred, endå han visste at han snart skulle inn i den største naud og verste strid i historia. Han skulle møta både Gud og Satan til oppgjer. Og han skulle vera åleine med all verdsens synd. Likevel hadde han fred.
 Det er ein guddommeleg fred.
 Denne freden fekk læresveinane snart bruk for.
 Uro, otte, tvil og trengsla slo imot dei som høge bølgjer, og fleire gonger kunne det synast som den vesle båten deira ville verta knust.
 Men Jesu vener har fred.
 Det er denne freden som er dei kristne sin eigedom. Testamentet gjeld alle som trur på Herren. Ikkje så å forstå at dei er fri motgang og trengsle. Heller ikkje er dei fri freisting og fall. Nei, dei har mange tunge tider, men dei eig Jesu fred.
 Dei har ikkje denne freden på lager. Freden kan ikkje lagrast i hjarta eller i trua, og mange gode kristne har difor store anfektingar.
 Jesu fred er ei gåve frå Herren. Han gjev oss denne freden. Freden er i Jesus. Kor stort at det ein stad i vår urolege verd er fred. (Tore Tungland - Trøysta mitt folk 16.febr.)

Side-alternativer